Arbeidsrett

Ønskjer du meir kunnskap om ferie, tilsetting, tvistar, permittering og oppseiing?

For leiarar, personalmedarbeidarar eller tillitsvalde i privat næringsliv. Du får innføring i gjeldande lover og reglar, slik at du lettare kan takle vanlege problem som kan oppstå i bedrifta innan personalarbeid. Vi ser på Arbeidsmiljøloven og avklaring av roller i høve ansvar og pliktar for arbeidsgjevar, medarbeidar, tillitsvalt og verneombod. Frode Samuelsen blir leigd inn som kurshaldar, ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i den privatrettslege delen av arbeidsretten.

Kurset tek 1 dag. Rekneskapsførarar og revisorar får godkjend kurset som 7 timar under fagområdet «Rettslære/andre fagområder».

Me lagar HMS - kurs på bestilling! Ta kontakt på mailto:post@bedriftshelse1.no om du har eit ynskje.