Sikkerheit, nøyaktigheit og varsling er viktige stikkord når ein arbeider på veg.
Eit godt system for arbeidsvarsling er viktig for sikkerheita til både vegarbeidarar og trafikantar.Dette må planleggjast og utførast med nøyaktigheit og ein må bruke varslingsutstyr som er godt synleg for alle.
Veglova seier at ingen har lov til å arbeide på , under, over eller ved offentlig veg utan løyve frå vegmyndigheitene.
Kurs 1: Dette kurset er eit minimumskrav for dei som skal være stadansvarleg på eit arbeidsområde. Det vil sei dei som utfører eit arbeid medan dei oppheld seg på veg, altså mange fleire enn dei som gjer gravearbeid. Kurset vil gje grunnleggjande kunnskap og forståing for eigen og andre sin sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som skal takast. Dei skal vidare ha kunnskap om dei formelle prosedyranse som skal følgjast før arbeidet vert sett i gang, og under utføring av arbeidet.
Målgruppe:
Tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som jemnleg medfører opphald på stader der det er krav om godkjend arbeidsvarslingsplan.
Tid: 1 dag
Kurs 2: Dette kurset skal gje deltakarane den teoretiske plattforma som er nødvendlig for å kunne fylle rolla si som ansvarshavande på ein betryggande måte. Ein må ha kurs 1 for å ta kurs 2.
Målgruppe:
Tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som har rolla som ansvarshavande på arbeidsplassen. Også aktuelt for byggeledelsen.
Tid: 2 dagar
Me lagar HMS - kurs på bestilling! Ta kontakt på mailto:post@bedriftshelse1.no om du har eit ynskje.