Arbeidsvarsling for ansvarshavande 1, 2, 3

Skal du drive med arbeid på og/eller ved veg? Her er sikkerheit, nøyaktigheit og varsling er viktige stikkord.

Veglova seier at ingen har lov til å arbeide på, under, over eller ved offentlig veg utan løyve frå vegmyndigheitene. Våre kurs gir godkjent sertifisering i 5 år.

Kurs 1 (1 dag): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som jamleg medfører opphald på stader med krav om godkjend arbeidsvarslingsplan. Dette kurset er eit minimumskrav for dei som skal være stadansvarleg på eit arbeidsområde, og opphalde seg på veg. Kurset gir grunnleggjande kunnskap og forståing for eigen og andre sin sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som skal takast.

Kurs 2 (2 dagar): For tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsgjevarar med arbeidsoppgåver som har rolla som ansvarshavande på arbeidsplassen. Også aktuelt for byggeleiinga. Dette kurset gir deltakarane den teoretiske plattforma som er nødvendig for å kunne fylle rolla som ansvarshavande på ein trygg måte. Ein må ha bestått kurs 1.

Kurs 3 (1 dag): For personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg. Her må du har bestått kurs 1 eller 2, og ha førarkort klasse B. Deltakarane får kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet. Opplæringa skjer i form av klasseromsundervisning, etterfølgt av ein praktisk prøve ute på trafikkert veg.

 

Me lagar HMS - kurs på bestilling! Ta kontakt på mailto:post@bedriftshelse1.no om du har eit ynskje.