INFORMASJON OM KURSET

Kan du handtera ein handsløkkjar, og veit du korleis den verkar? Har bedrifta di gjennomført øving? Alle har ein brannsløkkjar heima eller på jobben, men veldig mange kan ikkje bruka den. Brannvernlova og Internkontrollforskrifta stiller krav til bedrifter og føretak om opplæring i brannvern. Ved eit branntilløp er det for seint å lære seg det. 

På dette kurset får du prøva ulike typar sløkkjeapparat, slik at du er godt rusta til å kunne bruka ein slik i eit branntilfelle. Du får ei enkel innføring i brannvern og lærer om eigenskapane til dei aktuelle sløkkjemidlane.

Det blir først teori i 15-20 min før alle får sløkkja ned med skum eller Co2. Me brenn propan i vassbad og alle får prøva brannteppe på dokke.

 

Målgruppe: Alle tilsette

Kurshaldar: Sogn Brann og redning 

 

Dato: 4. oktober 2017  kl. 09:00, 10:00, 11:00

Stad: Lærdal Brannstasjon

Påmeldingsfrist: innan 27.september 2017

 

Pris kunde/medlem: 260 kr pr/pers

Pris ikkje kunde/medlem: 300 kr pr/pers 

Pris anbodsbedrift: Iht kontrakt