Generell informasjon

Kurset er tilpassa både skogeiere og tilsette utanfor skogbruket. Kurset gir dokumentert sikkerheitsopplæring for bruk av motorsag og ryddesag etter Arbeidstilsynet sine krav om dokumentert opplæring.

 


 

Bruk og stell av motorsag – 2 dagar

Kurset er eigna for:

Alle brukarar av motorsag og ryddesag. Til dømes innan skog- og landbruk, linjeryddere, tilsette i e-verk, vegvesen, jernbane, kommune m.fl.

 

Formål med kurset:

Gi opplæring i bruk av motorsag og verneutstyr. Du vil lære korleis klargjere for hogst, felling og kvisting, i tillegg til vedlikehald av utstyret. Kurset er tilrettelagt for å gjennomførast i tilknyting til arbeidsplassen. Det blir lagt stor vekt på sikkerheit. 

 

Gjennomført kurs vil gje dokumentert opplæring slik Arbeidstilsynet krev ved bruk av motorsag.

 

Tema:

  • Verneutstyr, grunnleggjande opplæring i bruk av motorsag
  • Vedlikehald av motorsag
  • Klargjering for hogst
  • Felling og kvisting
  • Vedlikehald av motorsaga, evaluering og utdeling av kursbevis

Deltakarane må ta med verneutstyr som består av vernestøvlar, vernebukse, hjelm med hørselsvern. Alle må ha med eigen motorsag, mat og varme kle.

Lærebøkene «Hogst» og «Motorsaga» er bøker ein vil ha utbytte av å studere på førehand. Desse kan ein få kjøpt hjå Bedriftshelse1 eller på skogbrukskurs.no ved å trykke på linkene over.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

 

Aktivitetar
Bruk og stell av motorsag inkl. førstehjelp
Sogndal
onsdag 17. oktober 2018 kl. 15.00 - torsdag 18. oktober 2018 kl. 15.30