Kjemikaliekurs

Har bedrifta di orden på kjemikaliar? Dette kurset vil gjere dykk betre på handtering av kjemikaliar.

Kurset er for leiarar og verneombod som treng oppfrisking av kunnskap om kjemikaliar, merkereglar og sikkerheitsdatablad. Få kunnskap om korleis du kan nytte informasjon på etikettane og i sikkerheitsdatablada til å førebygge helseskade ved handtering og bruk av kjemiske stoff og produkt. Vi tek opp tema som: Er sikkerheitsdatablada (SDS) oppdaterte og stoffkartoteket komplett? Kjenner bedrifta til dei nye piktogramma? Vert det brukt rett verneutstyr? Kurset tek om lag 3 timar.

Me lagar HMS - kurs på bestilling! Ta kontakt på post@bedriftshelse1.no om du har eit ynskje.