Metodar for stressmeistring

Ønskjer du å lære teknikkar for å handtere stress? Stress kan gjere oss sjuke om vi lar det ta overhand.

For tilsette som er motivert for endring. Kurset seier kort om korleis kroppen reagerer på stress og kvifor vi kan bli sjuke av stress, og går gjennom generelle metodar for å handtere stress, både kva ein kan gjere på kort sikt og meir langsiktig. Det er viktig at deltakarane er motiverte for å gjere små endringar i eige liv.

Tall frå NAV og InFact viser at 4 av 10 opplever ein stressa kvardag. Mest stressa er folk i aldersgruppa 30-44 år. Stress kan vera positivt fordi det aukar evna vår til å løyse problem, men blir det for mykje kan det få helsemessige konsekvensar. Vi reagerer ulikt på stress, nokre tåler mykje og andre lite. Stressnivået hjå den enkelte har tendens til gradvis å auke, slik at vi blir meir og meir van med å ha det stressa. Først når symptoma er merkbare, byrjar vi å forholda oss til korleis vi skal redusere eller unngå stress. Difor er det viktig at kvar enkelt lærer seg å kjenne når stressnivået er kome ut av kontroll. Kurset tek 2 til 3 timar.

 

Me lagar HMS - kurs på bestilling! Ta kontakt på post@bedriftshelse1.no om du har eit ynskje.