Generell informasjon

Truslar og vald på arbeidsplassen oppstår jamleg, særlig blant dei som jobbar i helse- og serviceytande sektor. For å vere betre forberedt, kan du ta eit av våre kurs: Eit kortare kurs med fokus på førebygging og konkrete steg for å takle truslar og vald, og eit 6-timers kurs med meir fylde, der ein lærer gode metodar og teknikkar for å møte truslar og vald. Arild Stangeland, rådgjevar i Helse Bergen, er leigd inn som kurshaldar på 6-timarskurset.

 


 

Truslar og vald, 2-3 timar

Kurset er eigna for:
Tilsette, verneombod, tillitsvald og arbeidsgjevarar.

Formål med kurset:
Truslar og vald er eit arbeidsmiljøproblem som kan få alvorlege konsekvensar for dei som opplever det. Det kan òg få konsekvensar for arbeidsglede, trivsel og kvalitet på arbeidet. Auking av vald på arbeidsplassen blir knytt til at fleire jobbar innanfor helse- og serviceytande sektor. Dette er yrke der ein kjem tett på andre menneske. Også endringar i arbeidslivet, som meir tidspress og økonomiske innstrammingar, kan føre til truslar og vald.

Dette kurset vil gjere deg betre forberedt til å takle slike situasjonar, og gi deg nokre konkrete tiltak bedrifta di kan gjere.

Kursinnhald:

  • Kva er truslar og vald.
  • Truslar og vald er eit arbeidsmiljøproblem, ikkje eit individuelt problem.
  • Tilhøve på arbeidsplassen som kan spele inn, tiltak bedrifta kan gjere.
  • Korleis førebygge at truslar og vald får utvikle seg.
  • Metode i kommunikasjon – «ikkje valdeleg kommunikasjon»

Kurshaldar: 
Bedriftshelse1. 

Varigheit:
Kurset er på 2-3 timar.  

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

 

 


 

Lær deg å meistra truslar og vald, 6 timar

Kurset er eigna for: 
Alle som møter aggressive personar og truslar om vald i arbeidet sitt.

Formål med kurset:
Lære deg gode rutinar for å unngå vald, og konkrete teknikkar for å møta truslar om vald og aggressive personar. Formålet er å gjere deg betre rusta til å takle situasjonar med truslar og vald på jobb.

Kursinnhald:

  • Kommunikasjon
  • Møte med aggressive personar
  • Eigne reaksjonar på det å bli utsett for truslar og evt. vald
  • Samhandling, - når ein er fleire
  • Kva har Ola Normann lov å gjera? Kan ein privatperson stoppa ein annan person?  Kva er ulovlig?
  • Kva har ein lov å gjera i jobbsamanheng? I ulike serviceyrker?
  • Kva forventningar har politiet til samarbeid med dykk?
  • Anmelding, kva er det? Kva gjer ein som tilsett?

Kurshaldar:  
Arild Stangeland er rådgjevar i Helse Bergen og konstituert seksjonsleiar av fageininga psykiatrisk divisjon på Haukeland Universitetssjukehus. Han har halde kurs og undervist i mellom anna aggresjon, valdsproblematikk og konflikthandtering. Han er òg medforfattar av boka «Sikkerhet og omsorg - møte med aggresjon og vold».

Varigheit:
Kurset er på 6 timer/1 dag.

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kurplan

 


 

Ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt - vi set opp kurs på bestilling.


Fann ingen aktivitetar