Generell informasjon

Alle som utfører arbeid på og ved veg, må ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling. Kurs 1 gir grunnleggande kunnskap for eigen og andre si sikkerheit. Kurs 2 er for tilsette som skal vere ansvarshavande for arbeidsvarsling, medan kurs 3 må gjennomførast av alle som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg. 

Alle tre kurs gir sertifiseringar som er gyldig i 5 år. Re-sertifisering skjer ved gjennomgang av nytt fullstendig kurs innan 5 år.

 


 

 

Arbeidsvarsling - kurs 1:

Kurset er eigna for:
Alle arbeidstakarar som utfører arbeid på og ved veg, skal ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling. Har du kurs 2, treng du ikkje kurs 1.

Formål med kurset: 
Formålet er å gje deltakarane grunnleggande kunnskap og forståing for eigen og andre si sikkerheit ved arbeid på eller ved veg, og dei omsyn som der skal takast.

Deltakarane skal få kunnskap om dei formelle prosedyrar som må følgjast før arbeidet vert sett i gang, og under sjølve arbeidet.

Kompetansemål:
Dei som har bestått kurs 1 kan ha ansvar på stad for å føra tilsyn med varsling og sikring på enkle arbeidsplassar. Det forutset då at arbeidsgjevar har ein ansvarlig med kurs type 2.

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning og skal innehalde eller avsluttast med ein kort test som viser at innhaldet er forstått.

Varighet:
Dette er eit dagskurs. Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

 


 

Arbeidsvarsling - kurs 2:

Kurset er eigna for:
Tilsette som skal fylla rollen som ansvarshavande for arbeidsvarsling. Det er krav om dokumentert kurs i arbeidsvarsling 2 for dei som står oppført som ansvarshavande i søknad om å grave i offentlig grunn (gravemelding).

Forkunnskap:
Ingen forkunnskap for å ta kurset.

Formål med kurset:
Formålet er å gje kursdeltakarane ei teoretisk tyngde for å sikra arbeidet i forkant, på ein lovleg og hensiktsmessig måte. Dei som har bestått kurs 2 kan ha rollen som ansvarshavande.

Emne som vil bli gjennomgått:

  • Lover og regler
  • Skiltforskrifta
  • Grave og arbeidsløyve
  • Hensikt med varsling og sikring
  • Fysiske lover i trafikken
  • Risikovurdering
  • Krav til arbeidsstaden
  • Framkommelegheit
  • Stans av trafikk
  • Kontroll og sanksjonar

Kurset avsluttast med ein skriftleg eksamen, med karakterskala «bestått/Ikkje bestått».

Pris og varigheit:
Kursavgiften er  frå kr. 4500,-. Kurset går over 2 dagar. Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

 

 


 

Arbeidsvarsling - kurs 3:

Kurset er eigna for:
Personell som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og eller fylkesveg.

Forkunnskap:
Bestått arbeidsvarslingskurs 1 eller 2, samt førarkort klasse B.

Formål med kurset:
Formålet er å gje deltakar grunnleggande kjennskap til dei krav skiltmyndighetene set for dei som skal utføra manuell trafikkdirigering på riks- og fylkesvegar.

Deltakarane skal etter gjennomgått kurs ha kjennskap til korleis manuell trafikkdirigering skal utførast i praksis, dei faremoment som en trafikkdirigent kan utsetjast for, og korleis vedkomande best skal beskytta seg under utføring av arbeidet.

Emne som vil bli gjennomgått:

  • Personleg sikkerheit
  • Bremselengder, reaksjonstider
  • Teikngivning og åtferd
  • Leiebil
  • Trafikkavvikling
  • Krav til varsling
  • Praktisk øving

Opplæringa skal skje i form av klasseromsundervisning, etterfulgt av ein praktisk prøve. Denne skal gå føre seg ute på trafikkert veg, og skal skje i henhald til ein godkjent arbeidsvarslingsplan.

Pris og varigheit:
Kursavgiften er  frå kr.2400,-. Kurset går over 2-3 timar. Kursavgifta inkluderer materiell, kursbevis, sertifikat, enkel lunsj og kaffi/te.

Dersom testen ikkje vert bestått, skal nytt komplett kurs med eksamen gjennomførast.

NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

Sjå kursplan

 

Fant ingen aktivitetar.