Generell informasjon

Kan du handtera ein handsløkkjar? Veit du korleis den verkar? Har bedrifta di gjennomført øving? Alle har ein brannsløkkjar heima eller på jobben, men veldig mange kan ikkje bruka den. Brannvernlova og Internkontrollforskrifta stiller krav til bedrifter og føretak om opplæring i brannvern. Ved eit branntilløp er det for seint å lære seg det.

Sogn Brann og redning held våre kurs.


 

Brannsløkkjekurs, 1 time

Kurset er eigna for:
Alle tilsette og privatpersoner.

Formål med kurset:
Du får prøve ulike typar sløkkjeapparat, slik at du er godt rusta til å kunne bruka ein slik i eit branntilfelle. Du får ei enkel innføring i brannvern og lærer om eigenskapane til dei aktuelle sløkkjemidlane.

Tema:
Det blir først teori i 15-20 minuttar, før alle får sløkkja ned med skum eller Co2. Me brenn propan i vassbad og alle får prøva brannteppe på dokke.

Pris og varigheit:
1 time.

 NB! Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

 


 

Utvida brannsløkkjekurs

I samarbeid med lokale brannvern tilbyr me 1-, 2- og 3-timars kurs i brannvern. 2- og 3-timars kursa kan tilpassast dei ulike bedriftene sine ynskjer. Spesialtilpassa kurs kan og lagast til.

Ta kontakt for ønskje, innhald og pris. 


Fann ingen aktivitetar