GENERELL INFORMASJON
Kurset oppfyller arbeidsmiljølovens krav til opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval (AMU) Me anbefalar også leiarane å ta denne opplæringa. Du får ein innføring i kva HMS inneberer for verksemda og den enkelte arbeidstakar.
I følgje arbeidsmiljølova og forskrift om organisering, leiing og medverknad skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar.
Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset. Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lover og reglar endrar seg hyppig, men også det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg også i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.
LOVPÅLAGT GRUNNKURS - 4 DAGAR + 1 DAG PRAKTISK OPPGÅVE
INFORMASJON
Målsetjing: Få kunnskap om korleis du som arbeidstakar/leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Lovpålagt grunnkurs for AMU-medlemer og verneombod.
Målgruppe: Verneombod, medlem i Arbeidsmiljøutval (AMU), tilitsvalde, leiarar, HMS-personale
Stad: Sogndal - lokale kjem!
Dato: Endelege datoar kjem! 4 dagar i mai/juni 2025 pluss valfri dato til praktisk oppgåve i eiga bedrift i kursperioden. For å få kursbevis må ein delta alle dagar.
Tid: alle dagar kl. 8.30 - 16.00 (registrering frå 08.15)
Påmeldingsfrist: 24.04.2025
Kursavgift:
Medlemskontrakt: kr 9210
Kundekontrakt: kr 9840
Anbodskontrakt: iht kontrakt
Andre uten kontrakt: kr 10170
Kursmatriell: vert tilsendt på e-post. NB! Viktig at deltakarane har rett e-postadresse i påmeldinga!
Kursleiar: Hans Martin Bjørkevoll, e-post; hans.bjorkevoll@bedriftshelse1.no
Påmeldingsskjema
Stad: Sogndal - lokale kjem!
Dato: Endelege datoar kjem! 4 dagar i mai/juni 2025 pluss valfri dato til praktisk oppgåve i eiga bedrift i kursperioden. For å få kursbevis må ein delta alle dagar.
Tid: alle dagar kl. 8.30 - 16.00 (registrering frå 08.15)
Påmeldingsfrist: 24.04.2025
Informasjon
Kontakt
Kurseiar: Hans Martin Bjørkevoll, e-post; hans.bjorkevoll@bedriftshelse1.no