FÅ FAGLEG PÅFYLL OG INSPIRASJON - BLI MED OSS PÅ HMS-DAGEN!
Frå uro til kontroll: Leiars handtering av vanskelege saker
– få tryggleik, struktur og handlekraft
Synest du konfliktar og krevjande personalsaker er utfordrande?
Du er ikkje åleine – men du kan bli tryggare.
I dette innlegget får du konkrete verktøy som gjer deg i stand til å:
✔ gripe inn tidleg før situasjonar eskalerer
✔ ta gode og tydelege samtalar – også når det er vanskeleg
✔ handtere saker steg for steg, med ro og profesjonalitet
✔ unngå vanlege feil som kan forverre situasjonen
👉 Lær korleis du som leiar kan stå stødig – med BHT som ein aktiv støttespelar.
Eli Rongved er fysioterapispesialist med lang erfaring innan klinisk psykomotorisk verksemd samt førebygging og opplæring. Ho har i ei årrekke arbeida som universitetslektor i HMS-fag og har medverka i ei rekke NHO-finansierte arbeidsmiljøprosjekt. Eli har bidrege til utvikling og systematisering av sakshandsaming av konflikter og varslingssaker i arbeidslivet.
Psykologisk tryggleik – nøkkelen til sterke team
– betre samarbeid, lågare fråvær og høgare prestasjonar
Kva skil dei beste arbeidsmiljøa frå resten?
Svar: psykologisk tryggleik.
Bård Fyhn gir deg fersk forsking og praktiske grep for å:
✔ skape tillit og openheit i teamet
✔ forstå kva som bryt ned tryggleik – og unngå det
✔ byggje ein kultur der folk tør å bidra, feile og lære
👉 Få innsikt du kan bruke med ein gong – og som faktisk verkar.
Bård Fyhn har ein doktorgrad på psykologisk tryggleik i team fra Norges Handelshøgskule (NHH), der han no jobbar som postdoktor i organisasjonspsykologi. Bård er utdanna ved Sjøkrigsskulen og har erfaring frå operativ teneste og leiarutvikling i Forsvaret. Bård er ein engasjerande foredragshaldar som brenn for å gjera forskning tilgjengeleg og praktisk.
Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde og alle andre tilsette
Dato: Onsdag 4. november 2026
Stad: Voss - Park Hotel Vossevangen
Tid: kl. 09:00-15:00
Påmeldingsfrist: 28. oktober 2026
Meld dykk på innan 5. oktober og få kr 200 i rabatt pr. deltakar!
Pris medlem: kr 2 320 pr/pers
Pris kunde: kr 2 550 pr/pers
Pris andre: kr 2 940 pr/pers
Pris anbodsbedrift: Iht kontrakt
Påmeldingsskjema
Kursstad: Park Hotel Vossevangen, Vossasalen
Registrering frå kl. 08.30
Informasjon
Program for dagen
VELKOMEN TIL HMS-DAGEN PÅ VOSS
Dette er ein dag for fagleg påfyll og refleksjon!
Kl. 08.30: Registrering - kaffi
Kl. 08.55: Velkomen v/ Bedriftshelse1
Kl. 09.00. Etter veldig gode tilbakemeldingar på Vårseminaret i Norheimsund har me vore så heldig å få Eli Rongved med oss på HMS-dagen og.
Temaet hennar idag er: Frå uro til kontroll: Leiars handtering av vanskelege saker
Kl. 12.00: LUNSJ
Kl. 13.00: Etter lunsj kjem den engasjerande Bård Fyhn. Han brenn for å gjera forskning tilgjengeleg og praktisk.
Han snakkar om: Psykologisk tryggleik – nøkkelen til sterke team
Kl. 15.00: Takk for idag og vel heim!
Det vert lagt inn pausar undervegs.
Har du spørsmål? Ring eller send oss ein e-post!
Bedriftshelse1 avd. Voss og Hardanger: post@bedriftshelse1.no
Sentralbord Voss: 56 53 09 00
Sentralbord Norheimsund: 56 55 04 90