KURSINFORMASJON
Generell informasjon
Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid, samt tilhøyrande lover og forskrifter.
I følgje Arbeidsmiljølova og Forskrift og Organisering, ledelse og medvirkning skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar.
Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset. Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lover og reglar endrar seg hyppig, men også det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.
HMS-kurs for leiarar
Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar.
Formål med kurset:
Målsetjing for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.
Emne som blir gjennomgått:
- Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
- Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
- Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
- Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar
Varigheit: Kurset går over 2 dagar.
Stad: Bedriftshelse1, Odda, (Eitrheimsvegen 52 )
Kurshaldarar: June Lægreid, Turd Skurtveit og Martin Hole
Dato: 28. september 2026
Tid: kl. 8.30-15.30 ( Registrering frå kl. 08.15 )
Påmeldingsfrist: 14. september 2026
Kursavgift inkl lunsj:
Medlemskontrakt: kr 5 570
Kundekontrakt: kr 5 930
Anbodsbedrift: iht gjeldande kontrakt
Andre utan avtale: kr 6 160
Påmeldingsskjema
Kurslokale: Bedriftshelse1, Odda
Registrering; Frå kl. 08:15
Kursleiarar: June Lægreid, Turid Skurtveit og Martin Hole
Informasjon
Kontakt
Bedriftshelse1; post@bedriftshelse1, tlf: 57679060
Kursleiar: June Lægreid, e-post: junleg@bedriftshelse1.no, mobil: 478 86 038