Generell informasjon

Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid.

 

Frode Samuelsen er kurshaldar, ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i arbeidsrett.


 

HMS-kurs for leiarar, lovpålagt – 1 dag

Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar. Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset» 

 

Formål med kurset:
Målsetting for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Emne som blir gjennomgått:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

Varigheit:
Det vert sett av ein full dag til kurset. Kursavgifta inkluderer lunsj.

 Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 Sjå kursplan

 


 

Aktivitetar
HMS-kurs for leiarar - lovpålagt
Stryn
Onsdag 17. oktober 2018 kl. 08.30 - 15.30