INFORMASJON OM DAGEN
Nytt regelverk om dei psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorane
Arbeidstilsynet v/seniorrådgjevar Øyfrid Geiring og seniorinspektør Lena Westjord - to erfarne og engasjerte forelesarar.
- Kvifor trong me tydelegare regelverk frå 1.1.26?
- Kva betyr det nye regelverket for di bedrift?
- Kva forventar Arbeidstilsynet?
Emosjonell belastning på jobb: Når jobben tærer på - korleis handterer me dette?
Eli Rongved, spesialist i psykomotorisk fysioterapi og universitetslektor ved Nord Universitet. Ho er forfattar og foredragshaldar. Ho har lang erfaring med HMS, leiing og bedriftsutvikling.
Mange yrke inneber krevjande møter med menneske og følelsane det utløyser. Dette innlegget gir konkrete råd til korleis me kan handtera emosjonell belastning på jobb, både som enkeltpersonar og i fellesskap. Ved å forstå eigne reaksjonar og jobba systematisk, kan me forebygga at jobben tærer på helsa. Eli Rongved har hjelpt bedrifter med å handtera slike problemstillingar i ei årrekkje, og er kjend for si evne til å fokusera på det praktiske og på det som fungerer.
Risikovurdering, korleis få det til i praksis? Korleis få nytteeffekt?
Lars G. Wessel Johnsen, sivilingeniør og forfattar.
Han har eit stort engasjement for risikovurdering, både praktisk gjennomføring og nytteeffekt. Han kan dokumentera økonomisk effekt av risikovurdering.
Lars G. Wessel Johnsen har lang og allsidig erfaring frå industri, transport, helse, og frå offentleg sektor. Han har skrive fleire bøker med tema kartlegging og risikovurdering. Lars brenn for risikovurdering!
Målgruppe: Leiarar, verneombod, tillitsvalde, AMU, HR og alle andre tilsette
Dato: Onsdag 22. april 2026
Stad: Norheimsund - Thon Hotel Sandven
Tid: kl. 08:30 - 15:30
Påmeldingsfrist: 31. mars 2026
Pris medlem: kr 2 320 pr/pers
Pris kunde: kr 2 550 pr/pers
Pris andre: kr 2 940 pr/pers
Pris anbodsbedrift: Iht kontrakt
Meld dykk på innan 20. mars og få kr 200 i rabatt pr. deltakar!
Påmeldingsskjema
Kursstad: Thon Hotel Sandven
Registrering frå kl. 08.30
Informasjon
Program for dagen
VELKOMEN TIL VÅRSEMINARET I NORHEIMSUND
Dette er ein dag for fagleg påfyll og refleksjon!
Program for dagen:
Kl. 08.30: Registrering - kaffi
Kl. 09.00: Velkomen v/ Bedriftshelse1
Kl. 09.10: Nytt regelverk om psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorar v/Arbeidstilsynet
Kl. 11.00: Emosjonell belastning på jobb v/Eli Rongved
Kl. 11.45: LUNSJ
Kl. 12.45: Emosjonell belastning på jobb v/Eli Rongved
Kl. 13.30: Risikovurdering - korleis få det til i praksis? v/Lars G. Wessel Johnsen
Kl. 15.30: Takk for idag og vel heim!
Det vert lagt inn pausar undervegs!
Har du spørsmål? Ring eller send oss ein e-post!
Bedriftshelse1 avd. Voss og Hardanger: post@bedriftshelse1.no
Sentralbord Norheimsund: 56 55 04 90
Sentralbord Voss: 56 53 09 00