Generell informasjon
Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid, samt tilhøyrande lover og forskrifter.
I følgje Arbeidsmiljølova og Forskrift og Organisering leiing og medverknad skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar. Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset.
Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lovane og reglane endrar seg hyppig, men det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg også i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.
HMS-kurs for leiarar
Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar.
Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset»
Formål med kurset:
Målsetjing for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.
Emne som blir gjennomgått:
- Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
- Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
- Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
- Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar
Varigheit:
Det er sett av ein dag til kurset. Kursavgifta inkluderer lunsj.
Stad: Sogndal - lokale kjem
Arrangør: Bedriftshelse1
Kurshaldar:
Dato: Dato i mai mnd kjem
Tid: kl. 8.30-15.30 ( Registrering frå kl. 08.15 )
Kursavgift:
Medlemskontrakt: kr 5380
Kundekontrakt: kr 5890
Anbodsbedrift: iht gjeldande kontrakt
Andre utan avtale: kr 6130
Påmeldingsskjema
Kurslokale: Voss - lokale kjem
Registrering; Frå kl. 08:15
Kursleiar: Martin Ensink, e-post: martin.ensink@bedrifthelse1.no, tlf: 488 67 836
Informasjon
Kontakt
Bedriftshelse1; post@bedriftshelse1, tlf: 57679060