Generell informasjon
HMS-kurs for leiarar er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar, der tema er arbeidsmiljøloven, arbeidsmiljøforskriftene og systematisk HMS.
Arbeidsgjevarar og tilsette som er sett til å leie verksemda i arbeidsgjevars stad, har plikt til å gjennomgå opplæring i helse,- miljø- og sikkerheitsarbeid, jf. Arbeidsmiljøloven § 3-5 og § 1-8. Det er ikkje fastsett kor langt dette kurset skal vere eller om det må repeterast.
Det er forventa at arbeidsgjevarar har kunnskap om arbeidsmiljøfaktorane og korleis desse påverkar dei tilsette si fysiske og psykiske helse og arbeidsmiljøet i eiga verksemd. HMS-kurs for leiarar er første dag av grunnkurs arbeidsmiljø, og vi tilrår arbeidsgjevarar å vurdere å gjennomgå heile grunnkurs arbeidsmiljø.
____________________________________________________________________________________________
HMS-kurs for leiarar
Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar.
Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset»
Formål med kurset:
Målsetjing for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.
Emne som blir gjennomgått:
- Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
- Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
- Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
- Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar
Dato: 27. mars 2025
Tid: kl. 8.00-16.00 (registrering 08.00-08.30)
Stad: Sunnfjordparken, Øyrane 12 6800 Førde.
Kursavgift: (inkl. lunsj)
Medlemskontrakt: kr 5380
Kundekontrakt: kr 5720
Anbodsbedrift: iht gjeldande kontrakt
Andre utan avtale: kr 5950
Arrangør: Bedriftshelse1
Kurshaldar: Helene Ulvik Stenseth, tlf: 911 70 082, e-post: helene.ulvik.stenseth@bedriftshelse1.no
Påmeldingsskjema
Kurslokale: Sunnfjordparken, Øyrane 12 6800 Førde.
Registrering: Kl 08.00-08.30
Kursleiar: Helene Ulvik Stenseth, tlf: 911 70 082, e-post: helene.ulvik.stenseth@bedriftshelse1.no
Informasjon
Kontakt
Bedriftshelse1; post@bedriftshelse1, tlf: 57679060
Kursleiar: Helene Ulvik Stenseth, tlf: 911 70 082, e-post: helene.ulvik.stenseth@bedriftshelse1.no