KURSINFORMASJON

Generell informasjon

Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid, samt tilhøyrande lover og forskrifter.

I følgje Arbeidsmiljølova og Forskrift og Organisering, ledelse og medvirkning skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar.

Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset. Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lover og reglar endrar seg hyppig, men også det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.   

 

HMS-kurs for leiarar

Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar.

Formål med kurset:
Målsetjing for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset» 

Emne som blir gjennomgått:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

Varigheit: 1 dag 

Stad: Bedriftshelse1, Sogndal - våre lokaler i Fossetunet 1A

Arrangør: Bedriftshelse1

Kurshaldarar: Marianne Loftesnes, e-post: marianne.loftesnes@bedriftshelse1.no, mobil: 906 36 004.

 

Dato: 18. august 2026

Tid: kl. 8.15-16.00 ( Registrering frå kl. 08.00 )

Påmeldingsfrist: 11. august 2026

 

Kursavgift inkl lunsj:

Medlemskontrakt: kr 5 570

Kundekontrakt: kr 5 930

Anbodsbedrift: iht gjeldande kontrakt

Andre utan avtale: kr 6 160

 

Påmeldingsskjema

Kurslokale:            Sogndal, Fossetunet 1A

Registrering;         Frå kl. 08:00

Kursleiar:               Marianne Loftesnes, e-post: marianne.loftesnes@bedriftshelse1.no, mobil: 906 36 004

 

 

Informasjon

Tid
Tysdag 18. august 2026 kl. 08:15 - 16:00
Påmeldingsfrist
Tysdag 11. august 2026 kl. 22:45
{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Kontakt

Bedriftshelse1; post@bedriftshelse1, tlf: 57679060

Kursleiar: Marianne Loftesnes, e-post: marianne.loftesnes@bedriftshelse1.no, mobil: 906 36 004

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}