Generell informasjon

Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid, samt tilhøyrande lover og forskrifter.

I følgje Arbeidsmiljølova og Forskrift og Organisering leiing og medverknad skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar. Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset.

Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lovane og reglane endrar seg hyppig, men det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg også i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.    

 


 

HMS-kurs for leiarar

Kven er kurset for:
Leiarar med arbeidsgjevaransvar.

Kurset inngår som dag 1 av  «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset». Dersom du ynskjer å fullføre heile grunnkurset i arbeidsmiljø, kan du melde deg på ein av våre kurs "Grunnkurs i arbeidsmiljø" -  fysisk eller på teams. Skriv då ved påmelding at du har fullført dag 1 på kurs i Sogndal.

Formål med kurset:
Målsetjing for kurset er å gi kunnskap om korleis du som leiar, i teori og praksis, kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Emne som blir gjennomgått:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

Varigheit:
Det vert sett av ein full dag til kurset. Kursavgifta inkluderer lunsj.

Kurshaldar: Advokat Jørgen Samuelsen

Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.

 


 

Dato: 26. september 2024

Tid: kl. 8.00-15.30 

Stad: Fossetunet 1A, Sogndal

Påmeldingsfrist: innan 19. september 2024

 


 

 

Kurslokale:            Sogndal, Fossetunet 1 A

Informasjon

Stad
Sogndal
Tid
Torsdag 26. september 2024 kl. 08:00 - 15:30
Påmeldingsfrist
Torsdag 19. september 2024 kl. 12:00

Aktiviteten er ferdig og det er ikkje mogleg å melde seg på lenger.

post@bedriftshelse1.no

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}