Generell informasjon
Dette er eit dagskurs som er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følge Arbeidsmiljølova § 3-5 skal alle arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring. Fokus er retta på leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid, samt tilhøyrande lover og forskrifter.
I følgje Arbeidsmiljølova og Forskrift og Organisering leiing og medverknad skal alle leiarar med personalansvar gjennomføre leiaropplæring innan HMS. Forskriftene seier også at verneombod og AMU-medlemmer skal ha grunnkurs i HMS med omfang på 40 timar. Forskriftene seier midlertidig ingenting om kor ofte ein bør oppfriske kurset.
Sidan det skjer endringar nesten årleg i Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter så oppmodar Bedriftshelse1 å friske opp HMS-kursa minimum kvart 5. år. Dette er både fordi lovane og reglane endrar seg hyppig, men det norske arbeidslivet, dei sosiale forutsetningane og teknologien endrar seg også i raskt tempo. Det er krav om at arbeidsgjevar har oppdatert kunnskap for å kunne gje eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og HMS-kurs vil gje denne oppdaterte kunnskapen.
HMS-kurs for leiarar
Kven er kurset for: Leiarar med arbeidsgjevaransvar. Kurset inngår som en del av «Grunnkurs i arbeidsmiljø/40-timerskurset»
Målsetjing: Få kunnskap om korleis du som leiar/arbeidstakar/ i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din. Lovpålagt grunnkurs for AMU-medlemer og verneombod.
Emne som blir gjennomgått:
- Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
- Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
- Avklaring av roller: leiar, tilsett, verneombod
- Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar
Varigheit:
Det vert sett av ein full dag til kurset. Kursavgifta inkluderer lunsj.
Kursmatriell: vert tilsendt på e-post. NB! Viktig at deltakarane har rett e-postadresse i påmeldinga!
Kurshaldar: Martin Ensink, Bedriftshelse1
Kontaktperson Hydro: Baard Ove Blaaflat, e-post Baard.Ove.Blaaflat@hydro.com
Kontaktperson bedriftshelse1: Annbjørg Olga Drarvik Lereng, e-post annbjorg.lereng@bedriftshelse1.no
Ved avbestilling seinare enn 7 dagar før kurset, vert de belasta med full kursavgift.
Dato: 25. mars 2025
Tid: kl. 08.00-15.30
Stad: Øvre Årdal, Teknologiparken
Påmeldingsfrist: innan 17. mars 2025
Pris medlem: 5 380 kr per pers ( inkl.lunsj )
Pris kunde: 5 720 kr per pers ( inkl.lunsj )
Pris andre: 5 950 kr per pers ( inkl.lunsj )
Pris anbodsbedrift: iht kontrakt
For tilsette hjå Hydro som også skal ta dag 2 og 3:
Internt kurs for Hydro tilsette 3. april og 10.april
Tid: alle dagar kl. 8.00 – 15.30 (Registrering frå kl 08.00)
Stad: Øvre Årdal, Teknologiparken
Påmeldingsfrist: 17.03.2025
Kontaktperson Hydro: Baard Ove Blaaflat, e-post Baard.Ove.Blaaflat@hydro.com
Kontaktperson bedriftshelse1: Annbjørg Olga Drarvik Lereng, e-post annbjorg.lereng@bedriftshelse1.no
Kurslokale: Teknologiparken møterom Maxwell/auditoriet
Informasjon
Påmeldingsfrist
Påmeldingsfristen er passert, det er ikkje lenger mogleg å melde seg på. Ta kontakt ved spørsmål.
Program
-
0745-0800
Oppmøte/Registrering
-
08.00-11.30
Arbeidsmiljølova
-
11.30-12.15
Lunsj
-
12.15-15.30
Fortsettelse av arbeidsmiljølova
-
-
Forelesar: Martin Ensink
-
Pauser undervegs vert styrt av kursleiar